11 nye kommunar i Vestland med TikTok-forbod

Fleire kommunar forbyr dei populære appane TikTok og Telegram frå tilsette sine jobbtelefonar.
No har IKT Nordhordland vedteke at kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Modalen, Gulen, Masfjorden, Osterøy, Vaksdal, Aurland, Austevoll og Samnanger føyer seg til i rekka. Det skriv avisa Nordhordland.
Tilsette i kommunane blir også rådde til å slette appane frå private einingar dersom ein har tilgang til kommunale system på desse.