16-åring skadd etter valdshending i Stavanger

Ein 16 år gammal gut er sendt til legevakta etter ei valdshending i Stavanger, skriv politiet på Twitter. Guten skal ha blitt overfallen av ein gjeng ungdommar. Fleire i gjengen skal ha vore maskerte. Politiet ber om tips i saka.