20-åring pågripen etter Tøyen-skyting

Politiet har pågripe ein mann i 20-åra etter at ein 18 år gammal mann blei skoten på Tøyen i Oslo laurdag kveld.
Mannen er sikta for drapsforsøk.
– Så langt har me ikkje gjennomført avhøyr. Den sikta har førebels ikkje ønska å forklara seg, men me vil gjera eit nytt forsøkt på det anten i kveld eller i morgon tidleg, seier politiinspektør i Oslo politidistrikt Grethe Lien Metlid til NRK.
Politiet meiner det er ein relasjon mellom den sikta og den fornærma, fortel Metlid.
– Så får me koma tilbake til kva som er det bakenforliggande og kva motivet kan vera seinare.
18-åringen er utanfor livsfare, men har fått alvorlege skadar.
Politiet har tidlegare sagt at dei er kjend med ei pågåande konflikt mellom fleire personar i området, men Metlid vil førebels ikkje kommentera om politiet har funne ei samanheng mellom denne konflikta og hendinga på Tøyen på laurdag.