Reuters melder at 21 personar er døde etter ein bustadbrann på Gazastripa torsdag. Fleire skal også vere skada, seier palestinske sjukehuskjelder.
Personane skal ha deltatt på ein samankomst i bustaden som ligg i flyktningleiren Jabalia nord på Gazastripa.
Augnevitne fortel ifølgje Reuters at dei høyrde folk rope om hjelp, men at brannen var for kraftig til at dei kunne nærme seg bygningen og hjelpe folk.
Ein talsmann for det palestinske sjølvstyret på Vestbreidda seier dei har bede israelske styresmakter om å opne grenseovergangen Erez mellom Gazastripa og Israel slik at dei mest alvorlege skadde kan få behandling på israelske sjukehus.
Årsaka til brannen er enno ikkje kjend.