700 lyn på ein time i Vestland

Det går no føre seg eit kraftig torever i Vestland.
I fylgje Meteorologisk institutt har det vore 700 lyn mellom 18:30 og 19:30.
Særleg er det Hardanger, Voss og deler av Sogn som har hatt det lokale toreveret.
I fylgje 110 Vest har det vore ei travel helg med mange terrengbrannar, i helga måtte dei bemanne opp med to personar på sentralen for å handtere alle aksjonane i fylket.
– Vi håpar at det kjem regn snart, seier vaktkommandør hjå 110 Vest, Jostein Steinsland-Hauge.
Meteorologisk institutt har sendt ut gult farevarsel for lyn i store delar av Vestland.