Amber Heard byter advokat

Amber Heard tilset nye advokatar i ankesaka mot eksmannen Johnny Depp, skriv magasinet People.
Det betyr at Elaine Charlson Bredehoft ikkje vil representere Heard i ankesaka. Bredehoft var Heards advokat i den kjende rettssaka mellom ekteparet tidlegare i år. Rettssaka enda med at Heard må betale Depp nærare 100 millionar kroner.
Ifølgje magasinet People vil advokatane David L. Axelrod og Jay Ward Brown representere Heard i ankesaka.
Ein talsperson for Heard seier bytte av advokatar var på grunn av nye bevis og ny domstol, skriv magasinet.