ANC drøftar Ramaphosas framtid

Sør-Afrikas president Cyril Ramaphosa så ut til å ta det med ro mens ANC søndag drøfta den politiske framtida hans etter skuldingar om korrupsjon.
Røyster i både partiet og opposisjonen krev at han går av som følgje av ein skandale som involverer funn av kontantar på garden hans.
Presidenten var ikkje med på møtet i ANCs arbeidsutval, som fant stad nokre dagar etter at ein uavhengig parlamentarisk komité offentleggjorde ein rapport om at presidenten kan ha brote korrupsjonslova.
Rapporten er utarbeidd som følgje av ein skulding frå Sør-Afrikas tidlegare etterretningssjef, Arthur Fraser, som skulda Ramaphosa for kvitvasking i samband med tjuveri av ein stor pengesum i 2020.
Ramaphosa nektar for å ha gjort noko gale. Han seier han skal vere med på møte i sentralkomiteen i ANC måndag, der framtida hans i partiet kan bli avgjord.