Apoteksjefen på Haukeland, Pål Espen Johannessen, må forlate jobben umiddelbart. Bakgrunnen for avskjeden skal vere at leiinga ved Sjukehusapoteka Vest meiner Johannessen har tilsett ein mellomleiar i strid med instruksane han har fått og opptredd kritikkverdig som leiar. Johannessen seier han ikkje forstår skuldingane som er retta mot han.
– Eg kjem til å konferere med støtteapparatet mitt, men dette går sjølvsagt til rettsapparatet, seier han til Bergens Tidende.