Aukar kvoten på kongekrabbe

Regjeringa aukar kvoten på kongekrabbe. Frå neste år blir totalkvoten for hannkrabbar 2,375 tonn, i tråd med råda frå Havforskingsinstituttet.
– Kongekrabbe er eit produkt som oppnår svært høg pris i marknaden, og auka fangst av kongekrabbe vil bidra til meir verdiskaping i nord, seier kyst- og fiskeriminister Bjørnar Skjæran (Ap) til NTB.