Både Kaski og Bergstø får støtte

Tidlegare stortingsrepresentant for for SV, Karin Andersen, uttrykker no si støtte til Kari Elisabeth Kaski som ny leiar for partiet.
I eit innlegg på Facebook skriv ho at Kaski bør bli leiar saman med Grete Wold og Torgeir Knag Fylkesnes som nestleiarar.
I ei pressemelding måndag kveld går derimot eit fleirtal i styret i Troms SV inn for Kjersti Bergstø som ny leiar.
Mindretalet i fylkesstyret ønskar at Kaski overtar. Ny leiar i SV skal veljast på landsmøtet i mars neste år.