Bankman-Fried seier seg ikkje skuldig i svindel

Sam Bankman-Fried sa seg ikkje skuldig i tiltalen om svindel i milliardklassa gjennom kryptobørsen FTX, som kollapsa i november, melder Reuters. 30-åringen blei arrestert på Bermuda og utlevert til USA før jul. Tysdag møtte han til eit innleiande møte i retten i New York. Hovudforhandlinga i saka startar truleg til hausten.