BBC: Christine McVie i Fleetwood Mac er død

Christine McVie, som song og spelte keyboard i Fleetwood Mac, er død, melder familien, ifølge BBC.
Ho døydde på sjukehus med familien rundt seg, og blei 79 år.
McVie var med å skrive fleire av bandets største hits, som «Little Lies», «Don’t Stop» og «Say You Love Me».
Ho forlét bandet etter 28 år i 1998, men kom tilbake i 2014.
McVie gav også ut tre soloalbum.
Familien skriv i ei fråsegn at ho vil bli hugsa som eit fantastisk menneske og ein musikar som var elska av mange.