BBC: Liverpool skal vere vert for Eurovision 2023

Valet stod mellom Glasgow og Liverpool. No melder BBC at Liverpool blir vertsby for neste års Eurovision.
På grunn av krigen i Ukraina blei det bestemt at Ukraina ikkje kunne vere vertsnasjon for neste års Eurovision, trass i at dei vann songkonkurransen og etter tradisjonen skulle ha vore vertsnasjon.
– Liverpool er den ideelle plassen for å halde den 67. Eurovision Song Contest på vegner av Ukraina, seier rådgivar for Eurovision Song Contest, Martin Österdahl.
Semifinalane blir haldne 9. og 11. mai, medan finalen går av stabelen 13. mai.