Eit bystyrefleirtal (H, V, Ap, MDG, SV, R) ønsker avkriminalisering av det å ha og bruke narkotika. Som i Oslo, skal byrådet gjennomføre eit pilotprosjekt mellom kommunen og bergenspolitiet om alternative reaksjonsformer med lett tilgang til helsehjelp og rådgjeving ved pågriping. Dersom politiet og kommunen ikkje blir samde, skal byrådet søke nasjonale styremakter om å få innføre ein lokal rusreform i Bergen.