Bergensmilliardær flyttar til Sveits

Dr. Holms-eigar Knut Herman Gjøvaag har meldt flytting til Sveits. Det kjem fram i ei pressemelding frå selskapet Frydenbø publisert 4. november.
Selskapet er eit av det største familieeigde konsernet med selskap innanfor bil, marine, eigedom og maritim industri i Vestland.
I pressemeldinga står det at grunnen til at han og kona Lisbeth Hammer Gjøvaag velje å flytte er for å ta vare på eigarskapen til den internasjonale verksemda til selskapet.
– Vi vil busette oss midt i Europa med kort veg til verksemdene våre i Tyskland og til andre samarbeidspartnarar Frydenbø Industri allereie har i Belgia, Italia, Holland, med fleire, seier Gjøvaag i meldinga.
Dagens Næringsliv meldte om nyheita først.
Ifølgje oversikta til DN er Bergensmilliardæren nummer 23 i rekka av rike nordmenn som pakkar sakene sine og flyttar til Sveits. Blant andre har Aker-eigar Kjell Inge Røkke og Bjørn Dæhlie gjort det same.