Biden har framleis positiv koronatest

USA sin president, Joe Biden, har framleis positiv koronatest. Det melder nyheitsbyrået Reuters.
Han føler seg bra, sjølv om han har lett hoste, seier doktoren hans.
Etter å ha hatt negativ koronatest i førre veke, testa den amerikanske presidenten positivt på koronaviruset på laurdag igjen. Han gjekk då i isolasjon på nytt.
Tidleg i år skreiv NRK om at det er fleire som testar positivt på koronaviruset etter å ha fullført isolasjonstida. No er det ikkje lenger krav om karantene eller isolasjon dersom ein blir smitta av koronaviruset.