Biden signerer presidentordre om abort

USA sin president Joe Biden har signert ein presidentordre som skal gjere det enklare for kvinner som ynskjer å ta abort, å reise til delstatar som tillèt dette. Det melder ABC News.
Det er eit steg nærare å få dekt reiser og abortinngrep i statar der abort er lovleg, via eit helseforsikringssystem.
Presidentordren kjem i etterkant av at amerikansk høgsterett oppheva abortdommen frå 1973, som sikra alle amerikanske kvinner lik rett til abort. Det er no opp til delstatane å lage eigne abortlover.