Den amerikanske presidenten Joe Biden vil uttale seg om det amerikanske gjeldstaket onsdag kveld, opplyser Reuters som siterer Det kvite hus.
Vidare heiter det at Biden forventar at avtalen vil vere klar til signering innan 5. juni, dagen då finansdepartementet seier at den amerikanske statskassa går tom om gjeldstaket ikkje blir heva.
Biden og fleirtalsleiar Kevin McCarthy i Representantanes hus blei samde om ein prinsippavtale for å heve gjeldstaket i helga. Det er planlagt avstemming om avtalen i Representantanes hus onsdag.
(NTB)