Brann i fjøs med 200 dyr

Vest politidistrikt melder om brann i ein fjøs i Byrkjelo. Det skal vere rundt 200 dyr i fjøsen. Eigar jobbar med å evakuere dyra med hjelp frå naboar. Naudetatane er på veg.
– Det er ein stor fjøs, og det er meldt om ein viss fare for spreiing til bygningar rundt fjøsen, seier operasjonsleiar Eivind Hellesund i Vest politidistrikt til NTB.
110 Vest-sentralen melder like før kl. 21 at brannvesen er på staden og har starta sløkking.
– Jobbar med å avgrense spreiing til fleire bygg i nærleiken. Det har blitt sendt ut styrkar frå både Gloppen og Førde brannvesen, skriv 110 Vest over Twitter.
I samband med brannen er E39 stengd ved Gåsemyr på grunn av mykje røyk og utrykningskøyretøy på vegen. Det melder Vest politidistrikt.