Bustadbrann i Bergen sløkt

Brannen i eit bustadhus i Sandviken i Bergen er sløkt. Det er også kontroll på alle bebuarar etter at huset stod i full fyr, opplyser Vest politidistrikt. Det var meldt om opne flammar og røyk frå bustaden. Litt over kl. 22.30 melde politiet at dei har kontroll på alle bebuarar. – Det er uvisst om nokon av dei har fått i seg røyk eller er skadde på annan måte, melde Vest politidistrikt. Bebuarane fekk tilsyn av helsepersonell.
Kl. 22.52 melde 110-sentralen Vest at røyken hadde minka. Alle etasjar i bygget var søkt gjennom, og alle personar var ute. Brannvesenet jobba då framleis på staden.
– Ein har sett i gang med å opne takkonstruksjonen for å kome til, slik at ein ser at brannen blir skikkeleg sløkt, fortalde vaktkommandør Shahrooz Lahooti ved 110-sentralen i Bergen til NRK litt etter kl. 23.
E39 var stengd ved Munkebotn fordi brannvesenet bruker vegen, men den er nå opna igjen.