CNN: USA tilbyr å bytte dømd russar mot to amerikanarar

Biden-administrasjonen har tilbode Russland å bytte den dømde russiske våpensmuglaren Viktor Bout mot dei to amerikanarane Brittney Griner og Paul Whelan. Det skriv den amerikanske nyheitskanalen CNN.
WBNA-profilen Brittney Griner vart arrestert på flyplassen i den russiske hovudstaden 17. februar, etter at tollarar fann cannabisolje for e-sigarettar i bagasjen hennar.
Brittney Griner har erkjent seg skuldig i innehaving av narkotisk stoff framfor den russiske domstolen.
I 2020 vart amerikanaren Paul Whelan dømt til fengsel i 16 år for spionasje.
USAs utanriksminister, Antony Blinken sa onsdag at han skal snakke med den russiske utanriksministeren, Sergei Lavrov, i løpet av nokre dagar. Det vil vere den første samtala mellom dei to sidan den russiske invasjonen av Ukraina. Blinken seier at samtala skal handle seg om lauslatinga av to amerikanarar som sit fengsla i Russland.