Dataåtak mot 7-eleven – bakmenn krev løysepengar

Måndag føremiddag måtte alle kioskar i kjeda 7-eleven i Danmark stenge ned.
No stadfestar direktør Jesper Østergaard til Danmarks Radio at det var snakk om eit såkalla «ransomware»-åtak og at dei som stod bak krev store summar pengar for å løyse opp i det.
– Vi har fått råd om å ikkje gå i dialog med dei kriminelle bakmennene, så vi har ikkje hatt nokon dialog med dei, seier han til DR.
7-eleven har meldt åtaket til politiet. Enkelte kioskar har gradvis byrja å opne att.
7-eleven i Noreg er ikkje berørt av åtaket.
– Vi følger vanlege sikkerheitsystem og rutinar, og følger godt med, seier pressekontakt Marit Johannessen til NRK.