Disney saksøker Florida-guvernøren

Media- og underhaldningskonsernet Walt Disney Company saksøker Florida-guvernøren Ron DeSantis, melder AFP.
Selskapet omtalar søksmålet som svar på ein «hemnaksjon» frå guvernøren, skriv CNBC.
Sentralt i striden står Disney sine rettar til delvis sjølvstyre i Florida. I 2022 trekte DeSantis tilbake rettane, og oppnemnde eit styre som skulle føre tilsyn med selskapet si verksemd.
Styret avslo i dag to avtalar inngått av Disney om utviding av det 62.000 mål store «Disney World»-anlegget i Orlando. Disney svarte straks med å saksøke guvernøren, skriv New York Times.
Ein talsmann for DeSantis kallar Disney sitt søksmål for «eit uheldig forsøk på å undergrave Florida-veljarane sin vilje». (NRK/NTB)