Dødstala stig på Jersey

Minst tre personar er døde etter ein eksplosjon i ei bustadblokk på øya Jersey i Storbritannia, melder Sky News.
Det er framleis tolv personar som ikkje er gjort greie for.
Redningsmannskap har leita gjennom ruinane etter fleire bebuarar. Men politiet seier arbeidet er vanskeleg fordi staden er ustabil.
Det er ikkje kjent kva som er årsaka til eksplosjonen.