E10 sperra etter at tilhengar på vogntog tippa

Oppdatert klokka 21.45 laurdag kveld: Trafikken blir dirigert forbi området.
E10 mellom Sløverfjordtunnelen og krysset til Fiskebøl er stengt, mellom Vesterålen og Lofoten.
Årsaka er at ein tilhengar til vogntog har tippa og delvis sperrar vegen. Det opplyser Vegtrafikksentralen nord.
Bilberging, politi og brannvesen er på veg, melder politiet.
Det skal ikkje vere snakk om personskade.