Ein gripen for knivstikking i Oslo

Ein mann blei stukken fleire gongar med ein spiss gjenstand på Skøyen i Oslo laurdag. Mannen blei sendt til sjukehus, men det er ikkje kjent kor alvorleg skadane er. Ein person er gripen i saka. Det er framleis ikkje heilt klart kva som har skjedd. Politiet håper dei får fleire svar etter å ha gjennomført avhøyr av vitne. I alt er fire involverte og eit barn tekne hand om av politiet etter hendinga.