Ein person satt fastklemt – E6 stengt etter trafikkulykke

Tre personar i to personbilar var involvert i ei trafikkulykke på E6 ved Fallheia sju kilometer nord for Mo i Rana.
Ein av dei involverte satt fastklemt i ei av bilane.
– Brannvesenet hjelpt til med å få han laus, seier operasjonsleiar May-Wenche Hansen i Nordland politidistrikt til NRK.
Dei involverte blir tatt hand om av helsepersonell på staden og frakta til legevakt.
Politiet ble varsla om ulykka klokka 17.22 mandag ettermiddag.
Bilane er påført store materielle skader i ulykka. Politiet åtvarar om glatte kjøreforhold på staden.
Samstundes tvitrar Vegtrafikksentralen nord om at vegen kan forbli stengt lenge.
Brann hjelper til med å få kontroll på lekkasjen som er på staden.