Ein til sjukehus etter brann i Haugesund

Det brenn i ein bygning med fleire leilegheiter i Haugesund. Fem personar er evakuerte, og ein av dei er tatt med til sjukehus, skriv Haugesunds Avis.
Brannen blei meld klokka 16.10. Det skal vere opne flammar på staden. Alle brannbilar i Haugesund er sende til staden.
Det bur 70 personar i bygningane leilegheitene ligg i, ifølgje avisa.