Elleve funne døde etter jordskred i Italia

Tre personar blei torsdag funne omkomne i ruinar etter eit jordskred i byen Casamicciola Terme på den italienske øya Ischia. Totalt har elleve mista livet.
Kraftig nedbør utløyste laurdag jordskredet som feia gjennom byen. Ei kvinne er framleis sakna.
Skredet knuste hus og drog bilar på sjøen. Den tidlegare ordføraren Giuseppe Conte hadde forsøkt å få til evakuering.
– Eg sende 23 e-postar, men ingen svarte meg, seier han til avisa Corriere della Sera.
(NTB)