Etiopia ber om formell våpenkvile i Tigray

Etiopias regjering ønsker ein formell våpenkvileavtale med opprørarane i regionen Tigray, slik at offentlege tenester kan gjenopprettast i regionen, melder AFP.
I juni blei ein komite oppretta for å undersøka moglegheita for samtaler med opprørarane i Tigray. Onsdag sa komiteen at dei hadde teikna eit fredsforslag i eit forsøk på å enda krigen som braut ut i november 2020.
Kunngjeringa kom same dag som Verdas helseorganisasjon (WHO) skildra situasjonen i Tigray som «den verste katastrofen på jorda».
Tigray-folket sin frigjeringshær (TPLF) avviser komiteen sitt utsegn, og kallar det ei tilsløring. Hæren seier regjeringa til statsminister Abiy Ahmed ikkje har vist reel vilje til dialog, og har lenge insistert på at grunnleggande tenester for regionens seks millionar innbyggjarar må vera på plass før ein dialog med myndigheitene er aktuelt.
Kampane nord i landet har avtatt etter det blei erklært våpenstillstand i mars. Det opna for at naudsynt bistand kunne sleppa inn i regionen.
Etiopias nordlegaste region har slitt med desperat matmangel, og manglar også grunnleggande tenester som vassforsyning, kommunikasjon og bankvesen.