EU: Volodymyr Zelenskyj skal delta fysisk på EU-toppmøte i Brussel torsdag

Den ukrainske presidenten Volodymyr Zelenskyj skal delta på eit framtidig toppmøte i Det europeiske rådet i eigen person, opplyser ein talsperson for EU til nyheitsbyrået Reuters.
– Av sikkerheitsmessige årsaker vil ikkje meir informasjon bli gitt, sa talsperson Barend Leyts.
Fredag førre veke var fleire EU-toppar på besøk i den ukrainske hovudstaden Kyiv, der dei møtte den ukrainske presidenten.