Fjernar TikTok frå mobilar til skotske parlamentarikarar

Dei folkevalde i det skotske parlamentet blir bedne om å fjerne TikTok frå mobilar og anna utstyr som har tilgang til IT-systema til parlamentet, melder Sky News. Det skjer etter at appen også er bannlyst på einingar i regjeringa i Storbritannia. Dette blir gjort fordi dei meiner den kinesisk eigde appen kan vere ein tryggingsrisiko.