Florida: Vil forby snakk om mensen

Eit nytt lovforslag i Florida vil forby å lære barn opp til femte klasse om mensen. Lova skal avgrense mogelegheitene skulane har til å lære mindre barn om seksualitet og seksuelt overførbare sjukdommar. Dette er berre tillate i sjette til tolvte klasse. Det er republikanaren Stan McClain som står bak lovforslaget.