FN prøver å redde kornavtale

Laurdag går avtalen om korneksport frå Ukraina ut, men FN jobbar på spreng for å få forlenga avtalen, seier FNs naudhjelpssjef Martin Griffiths. Målet er å sikre at eksporten frå ukrainske hamner via Svartehavet held fram. FN, Ukraina og Tyrkia ønsker å forlenge avtalen med 120 dagar, medan Russland berre vil gå med på ei forlenging på 60 dagar.