Forslag klart i Montreal

Under Naturtoppmøtet i Canada har alle dei tre forhandlingsgruppene no levert sine forslag til avtaletekst. Den om bruk av genressurser frå naturen blei levert i går. Dei andre handlar om finansiering og kor ambisiøs naturavtalen skal vere, bl.a. når det gjeld vern.
Delegasjonsleiarane skal etter planen diskutere forslaga klokka 19, og så skal det vere plenumsmøte ved midnatt norsk tid. Då kan naturavtalen vere i boks, dersom alle støttar forslaga.
Men dette er usikkert, og begge møte kan bli utsette. Svært mykje må avklarast i løpet av dagen.