Forsvunne uran er gjort greie for

Det internasjonale atomenergibyrået (IAEA) melder at det meste av uranet som forsvann frå eit lager i Libya i førre veke no er gjort greie for.
16. mars etterlyste IAEA ti tønner med i alt 2,5 tonn med uranmalmkonsentrat som ikkje var lagra på staden libyske styresmakter hadde oppgjeve.
Same dag sa opprørsgeneralen Khalifa Haftar at uranet var knappe fem kilometer vekke frå anlegget. Atomenergibyrået melder i dag at det meste av uranet er tilbake på avtalt lagringsstad.