Framleis inga avklaring i Representanthuset

Republikanaren Kevin McCarthy fekk heller ikkje i andre valrunde nok stemmer til å bli ny leiar i Representanthuset i USA. Det er første gong på 100 år det har vore så vanskeleg å få utnemnd ein speaker i Kongressen.
I første runde var det 19 republikanarar som stemte på ein annan kandidat enn McCarthy. I andre runde mangla McCarthy 15 stemmer.
No må dei gjennom ein tredje runde for å velje leiaren. Kongressen kan ikkje starte arbeidet sitt før dei har valt ein leiar. «Speakeren» er den tredje mektigaste politikaren i landet, etter presidenten og visepresidenten.