Frankrike sin statsminister skal møte opposisjonsleiarar

Den franske statsministeren Élisabeth Borne skal møte opposisjonsleiarane tidleg i april, melder AFP.
Borne skal vere open for samtalar med fagforeiningane.
Den siste tida har det vore store demonstrasjonar etter at president Emmanuel Macron si regjering tvinga gjennom ei omstridd pensjonsreform. Tidlegare i veka overlevde Macron to mistillitsframlegg i nasjonalforsamlinga.
Borne seier i eit intervju med AFP at regjeringa ikkje fleire gonger vil bruke paragraf 49.3 for å tvinge gjennom lovendringar.