Funn av død person i Ytre Sogn

Eit lik blei funne i sjøen i Solund kommune i Ytre Sogn i 14-tida i ettermiddag. Det opplyser Vest politidistrikt i ei pressemelding. Det var tilfeldig forbipasserande som fann liket, heilt inne ved land i Buskøyvågen.
Liket ber preg av å ha lege lenge i sjøen, men kor lenge personen har lege der er førebels uvisst. Den døde blir frakta til obduksjon for vidare undersøkingar, opplyser politiet
– På bakgrunn av dei undersøkingane som er gjort så langt er det ikkje mogleg å seia noko om kjønn, alder eller dødsårsak, skriv operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen.
Funnet kan ikkje knytast til ein sakna person på nåverande tidspunkt, ifølge politiet. Dei har avslutta arbeidet på staden, men etterforskar saka vidare.