Etter ti dagar med full stans i gasseksporten gjennom Nord Stream 1, har gassflyten starta opp i morgontimane i dag. Det melder Reuters.
Frå kl. 06-07 var flyten på 21 Gwh/h. Det er 30 prosent av den fulle kapasiteten, ifølge den tyske avisa Zeit.
Leiaren for det føderale tyske byrået med ansvar for gassnettet, Klaus Müller fortel at endringar i gassflyt i løpet av dagen er særs uvanleg.
Oppstart av gassflyt gjennom Nord Stream på 40 prosent kan få prisen på naturgass til å falle, ifølge investeringsbanken Goldman Sachs, skriv Bloomberg.
Putin har varsla at gassflyten kan falle til 20 prosent allereie neste veke. Årsaka skal vere at det berre er to gassturbinar som er i drift og at ein av dei treng vedlikehald. Flyten kan stanse igjen om ikkje Gazprom får tak i tekniske komponent frå Kanada, som har vore forseinka grunna vestlege sanksjonar mot landet. Tyske styresmakter har sagt at det er eit påskot.
Det har vore knytt stor bekymring frå europeiske statsleiarar om gasseksporten gjennom Nord Stream ville starte opp igjen etter at vedlikehaldsarbeidet blei ferdig i dag.