Vest politidistrikt skriv at det har blitt oppdaga ein slange inne i ei drosje i Øvregaten i Bergen. Slangen har mest truleg vore i bilen i ei veke.
Politiet blei ringt opp av ein drosjesjåfør i kveldstimane torsdag. Sjåføren hadde blitt kontakta av ein kunde han hadde hatt i bilen veka i førevegen, opplyser innsatsleiar Tore André Brakstad til NRK.
– Denne kunden lurte på om sjåføren hadde sett slangen hans. Så har meldar etter kvart sett denne i drosja, seier Brakstad. Han seier vidare at drosja truleg har vore i bruk i tida frå slangen kom inn i bilen, til den i dag blei oppdaga; ei veke seinare.
Det skal dreie seg om ein kongepyton. Desse slangetypane er ikkje giftige.
– Deira måte å skaffe seg føde på er ved bruk av kveling, slik eg har forstått det, forklarar innsatsleiar Brakstad.
Kongepytonen skal vere omtrent ein halv meter lang. Akkurat no gøymer han seg i dashbordet og dette gjer han vanskeleg å fjerne. Politiet får ekspertisehjelp frå Akvariet i Bergen.
Klokka 23:29 skriv politiet på Twitter at slangefangarane ikkje får ut slangen. Bilbergar er tilkalla. Vidare skriv politiet av mekanikarar står ovanfor ein spennande jobb med demontering i morgon.