Grasbrann på Askøy sløkt

Grasbrannen i Kjerrgarden på Askøy er sløkt.
– Då brannvesenet var framme starta dei sløkking med god effekt. Dei melde kontroll på brannen kl. 18.00, seier vaktkommandør Jostein Steinsland Hauge i 110 Vest.
Det er eit område med gras og tuer på vel ti gonger ti meter som har brunne. Brannstaden skal ikkje liggja langt frå hus.