Greenpeace aksjonerer på Mongstad

Greenpeace har sett i gang ein aksjon ved Equinor sitt raffineri på Mongstad.
Fire aktivistar frå Greenpeace Norden har lagt ein liten seglbåt inntil ein kjemikalietankar for å hindre den i å gå frå kai.
Politiet har i kveld rykka ut til staden. Dei jobbar med å oppnå kontakt med anleggsleiar og aksjonistar.
Skipet skal i fylgje Greenpeace laste produsert vatn som skal til Danmark. Greenpeace meiner oljevatnet blir slept ut i sjøen i Danmark etter for dårlege reinseprosessar. NRK har tidlegare omtala striden.
Equinor seier til NRK at dei vil få oversikt over situasjonen før dei kommenterer aksjonen.