Grenseavtale mellom Serbia og Kosovo på plass

Grenseavtale mellom Serbia og Kosovo skal vere på plass. Det tvitrar visepresident Josep Borrell Fontelles i EU-kommisjonen.
– Vi har ein avtale, skriv han.
Avtalen går ut på at folk frå Kosovo og Serbia kan reise fritt mellom dei to landa med ID-kort.
Situasjonen har vore spent mellom Serbia og Kosov i årevis, heilt sidan Kosovo braut ut av Serbia i 1999 og deretter erklærte seg som sjølvstendig nasjon i 2008.
I sommar forverra situasjonen seg etter fleire valdelege konfliktar ved grenseovergangane.