Guterres: – Kan ikkje be borna våre rydde opp

– Krigen vi fører mot naturen er ein krig mot oss sjølve. Vi treng regjeringar som lagar ambisiøse nasjonale handlingsplanar som vernar og bevarer naturen sine gåver. Vi treng bedrifter og investorar som set naturvern først i forretningsplanane sine, og investerer i berekraftige løysingar.
Det sa FNs generalsekretær, António Guterres på ein pressekonferanse under Naturtoppmøtet i Montreal i ettermiddag.
Og han la til:
– Den triste sanninga er at vi har rota det til for oss her på jorda. Vi kan ikkje be borna våre rydde opp. Gløym draumane til milliardærane. Det finst ingen «Planet B». Det er berre ved å investere i jorda sine verdiar at vi kan sikre framtida vår. Det er på tide at verda kan samle seg om eit ambisiøst rammeverk for biologisk mangfald – ei ekte fredspakt med naturen, slik at vi får ei grøn, sunn framtid for alle.