Hjelpte jenter i gummibåt

To jenter utan redningsvest skal ha drive av stad i ein gummibåt i Ørstafjorden, og kom seg ikkje i land. Ifølgje Hovudredningssentralen fall ei av dei i vatnet, før brannvesenet kom i båt og fekk hjelpt dei inn. Jentene blir sett til av helsepersonell. HRS sende både luftambulanse og båtar mot området.