Huitfeldt går ut mot israelske busettingsplanar

Utanriksminister Anniken Huitfeldt (Ap) oppmodar Israel om å stanse planane om å utvide dei ulovlege busettingane på den okkuperte Vestbredden.
– Eg fryktar at farten i den folkerettsstridige utbygginga av busettingar på Vestbredden no vil auke ytterlegare. Dette er heilt uakseptabelt. Eg oppfordrar på det sterkaste israelske styresmakter til å stanse og reversere busettingsaktiviteten på okkupert palestinsk land, seier Huitfeldt i ein utsegn.
Det var i helga at Israel varsla planane om å utvide busettingane på den okkuperte Vestbredden i Palestina.
UD skriv at det er venta at dei vil godkjenne meir enn 4000 nye bustader i busettingane i løpet av kort tid.
Huitfeldt fryktar at avgjerda, og andre utsegn frå den israelske regjeringa, bidrar til å viske ut det administrative skiljet mellom Israel og okkupert palestinsk territorium.
(NTB)