Imran Khan forlét rettssalen i Islamabad

Eksstatsminister Imran Khan har blitt sluppen ut av rettsbygget i Pakistan, etter å ha blitt lauslaten mot kausjon.
Det melder partiet hans PTI. Dermed kan ikkje Khan bli pågripen på nytt dei neste to vekene.
I går fastslo retten at pågripinga og varetektsfengslinga av Khan var ulovleg.
Det siste døgnet har han vore verna av tryggingsstyrkane på ein trygg stad i hovudstaden.
Den tidlegare cricket-spelaren har framleis fått pålegg om å samarbeide med påtalemakta, og må svare på skuldingar om fleire enn 100 ulike lovbrot.