Israels ambassadør kalla inn på teppet i Jordan

Jordan kalla tysdag den israelske ambassadøren inn på teppet for protestere mot tryggingsministerens besøk ved al-Aqsa-moskeen tidlegare på dagen. Besøket førte til kraftige protestar frå blant andre palestinske styresmakter, fleire arabiske land og USA. Jordan har etter Oslo-avtalen det formelle overoppsynet ved høgda der moskeen ligg, der jødar ikkje har lov til å be.