Journalist skoten og drepen i Colombia

Den colombianske journalisten Wilder Alfredo Cordoba blei skoten og drepen i byen La Union i Colombia tysdag.
Han var sjef for ein lokal TV-kanal som var kritisk til dei lokale styresmaktene og den ustabile situasjonen i regionen, ifølge den colombianske organisasjonen for pressefridom.
Dei ber styresmaktene undersøke om drapet kan knytast til arbeidet Cordoba gjorde som journalist.
Dette er det fjerde journalist-drapet i Colombia sidan august.